nynorsk bokmål ordbok

Norsk
10. klasse

Hei, jeg er ikke noe du akkurat kan kalle en kløpper i nynorsk. Jeg bare lurte på om dere vet om en nynorsk-bokmål/bokmåk-nynorsk ordbok en kan laste ned gratis fra nett? Det ville gjort ting mye lettere og mindre tidkrevende. Takk:)

Hei, Eg hugsar frå den tida når eg gjekk på skulen at vi hadde ei gul ordbok (av papir, altså) som hadde ei rekkje ord som var omsett frå bokmål. De har kanskje òg denne boka? Eg har òg tidlegare leita etter gode nettstadar for omsetjing av ord der eit ord ikkje er i bruk på nynorsk, men er det på bokmål. Eg har ikkje funne den perfekte nettstaden, men desse har hjelpt meg: - Språkrådet har mange gode ressursar: http://sprakradet.no/Diverse/Snarveger/Fra-bokmal-til-nynorsk/ og http://www.sprakrad.no/Tema/Skole/Nynorsk.nett.no/Ordtilfang/ - Universitet i Oslo har denne ordboka: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html som er bygd på Norske ordbank. - På Wikipedia fann eg denne: http://nn.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Gode_nynorske_uttrykk og http://nn.wikipedia.org/wiki/WP:Nyn (men på Wikipedia skal ein jo som kjend alltid vere varsam) Når eg skriv nynorsk på internett pleier eg å bruka nynorsk ordbok for nettlesaren Firefox. Den rettar meg når eg skriv feil, men noko omsetjing kan den nok diverre ikkje hjelpe med. Om du er frå sørvestlandet hjelpar det jo og å tenke at ein skal skrive som me snakkar. Dialekten vår er jo mykje nærare nynorsk enn bokmål, i det minste i grammatikken. Med vennleg helsing, Nettleksehjelpen

16. mars 2010
Syndiker innhold